Eg har, etter gud veit kor lenge, innsett at eg kjenner ikkje folk rundt meg på bloggen. I eit håp(ønske?) om å få læra meir om medbloggarane mine, har eg laga ei utfordring!

Det er ein barnsleg leik, i same gate som nøtt eller sannhet, men forhåpentlegvis vert det gøy! Poenget er at du skal lista opp tre ting(eller fleir!) som medbloggarane dine umulig kan vite om deg, og så sende utfordinga vidare. Ingenting er for harry eller pinleg! Here we go!

1.

Eg hatar løk! Eg kan ete kvitløk og grasløk, men alt anna er uaktuelt! Løkpulver går fint, men vanleg, fersk løk går ikkje! Eg har pressa mamma til å lage sosekjøt utan løk, så gale er det. Løk er for alvor oppfunnen av folk som hatar meg!

2.

Eg har eit Olympus E510-kamera, og har ikkje peiling på korleis eg skal bruka det. Elskar å ta bilete, og håpar at eg i løpet av året på folkehøgskule skal læra å ta betre bilete.

3.

Eg er singel og lei av det, men likevel livredd for forhold. Det er alltid noko gale med dei som sjekkar meg opp, sjølv om eg veit det er eg som ikkje er god nok. Ja, eg er ung og uvitande!

Då sendar eg utfordringa vidare til dei som ønskjer.

Eg fekk forresten hin veko beskjed om at eg hadde fått ein ny venn på bloggen. Dog har eg ikkje nok erfaring med wordpress til å ana korleis eg skal takka ja. Så Ilmy; Ja, eg vil vera venn med deg!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende