Eg rydda rommet mitt i går, då fant eg noko eg hadde glømt eg hadde. Fann ein cd med bilete frå då eg var i England med døveklassen i 10. klasse. Sette han på i dag, og kjenne da knyte seg i magen når eg ser bileta. Aldri har eg hatt det kjekkare i lag med den gjengen enn då. Den tovekers-turen var full av konflikter – som vanleg, men det var noko spesielt likevel.
Eg trur dei fleste som var med har same kjensla når dei tenkjer tilbake på turen. Det var folk som blei vennar for livet, folk som fekk kjærestar(meg inkludert). Blant dei som blei kjærestar den gongen er det faktisk eit par som har vore av og på i tre år no, men no er dei forlova. Han frå England, ho frå Noreg. Ingen trudde dei kom til å vare, men det gjer dei tydelegvis. Eg er imponert, for eg tvilar på at eg hadde klart det.
Eg var 15 år den gongen me reiste, og var midt i eit skille mellom den hørande og døveskulen eg gjekk på. Eg visste at når eg slutta i 10. klasse så kom eg til å miste mykje kontakt med døvemiljøet fordi eg hadde bestemt meg for å gå hørande vidaregåande skule. Dessverre fekk eg rett.
Eg er sterkt tunghøyrd, så tunghøyrd at dersom eg ikkje hadde gått i hørande barnehage og på hørande skule frå starten av, så hadde eg blitt døv. Eg har kjempa meg til der eg er i dag, og ja, eg har kjempa. Eg har sett krav til meg sjølv at eg skal klare det ein kvar hørande elev klarar(i allefall fagmessig). I dag går eg TAF, ei ‘elitelinje’ som er kjend for å vere beintøff. Eg har toppkarakterar i dei fleste fag, men gud kor det har kosta.
Eg har sidan barneskulen hatt tekniske hjelpemiddel på skulen, assistentar og ‘kvilerom’. Dette har eg takka nei til no. Eg veit det er idiotisk å utsetje meg sjølv for eit slikt slit, men eg gjer det for min eigen del. Eg vil kunna gå ut av vidaregåande og sei ‘eg klarte det, trass alle odds’. No er eg snart halvvegs.
Når eg tenkjer på døveskulen eg gjekk på, så er det ei slags bittersøt kjensle som kjem til meg. Eg har alltid vore tilhengar av at CI-opererte born bør få teiknspråkopplæring i tillegg til norsk. Ikkje berre fordi dei skal kunne gå inn i døvemiljøet den dagen hørselen er heilt vekke, men òg fordi teiknspråk er eit fantastisk hjelpemiddel. Kan ein teiknspråk så er ein tunghøyrd person mykje betre rusta til føre ein samtale på norsk enn dersom han ikkje kan teiknspråk. Rett og slett fordi ein blir så mykje betre til å oppfatte kroppsspråk, og den ‘intelligente gjettinga’ vert mykje meir intelligent.
Samstundes såg eg alltid på opphalda på døveskulen som ein slags ferie. Krava som vart stilde var latterlig låge. Elevane fekk ikkje nok utfordringar, som førte til dårleg motivasjon og dårlige karakterar. Eg er ikkje ute etter å dømme nokon, men når nivået på døveskulane er såpass at foreldre til døve born velgjer å operere ungane sine for at dei skal kunne gå på hørande skule og få den opplæringa dei har krav på, då er det noko hakkande gale.
Tips oss hvis dette innlegget er upassende